Weather
• No precipitation • -5 °C • 0 m/s • Klart fint ver, ikkje vind eller nedbør
Avalanche Danger Assessment
• Etter skredet i Breiskreda på laurdag vart alle litt overraska over størrelse på hendinga. Drift var usikre på korleis tilstanden var i dei andre skredløpa i og med at dette gjekk så stort. Var inne for å få oversikt over situasjonen, samt teste stabilitet med DaisyBell. Det var lite samanhengande snødekke i losneområda. Måndag var det mindre snøfokk enn varsla, så det var ikkje dagsfersk fokksnø å sprenge på. Losneområda for dei liknande skredbanane var meir avblåst enn venta. Det var lite samanghengande snødekke. I Lodalen var det noko meir snø i aktuelle losneområdar og me testa ein del skot i forskjellige høgdar og eksposisjonar for skredløpa Drotningane, Brengsfonna, Lisle Merkingsgjølet, Raudielva og Merkingsgjølet. Lite resultat anna enn tynt lag øvst i fersk fokksnø. Det var lite medriving nedover, og me fekk ikkje stepdown til djupare lag. Sjølv i nylege leområdar var det vanskeleg å få ut noko særleg, og det verka rimeleg daudt. • Sjølv om det stikk opp mykje terreng er overflata glatt, og mindre skred kan få stor mobilitet i bratt terreng. Verker som det skal ein del til å trigge djupare lag, men som situasjonen i Breiskreda viser kan det vere mogleg sjølv med forholdsvis lite samanhengande snødekke. Det er nok rett å ha skredproblem med kantkorn i få bratte heng. Hovudproblem med fersk fokksnø neste dagar med nedbør og snøtransport. Overflata er vindpåvirka, så det verker som begrensa med potensiale for vindtransport av eksisterande snødekke. • 2 Moderate • Forecast too high • Mogleg at 3 er for høgt, for det er ikkje varsla så mykje nedbør. Sjølv om det skal blåse kuling i høgda er det eksisterande snødekket allereie hardt påverka av vind. Slår det til med 15-20 mm nedbør er nok 3 rett